Hardanger BTK har gleda av å invitera til Norheimsund Open 2025. Stemnet vert arrangert i Norheimsund idrettshall laurdag 15. februar.
Me vil truleg også ha eit par bord i amfisalen på Norheimsund skule – som ligg i det same bygget.
Stemnet er underlagt NBTF sitt konkurransereglement og NIF sine dopingbestemmelsar. Stemnetiaren ligg inne istartkontingenten. Det vert puljespel i alle klassar bortsett frå dobbelklassane.
Hallen opnar kl. 09.30.
Bolk 1 Kl. 10.30 (NB. Det kan bli endringar i tidsskjema. Dette gjeld ikkje stemnestart)
Herrar/damer dobbel kr 200,
Gutar/jenter dobbel kr 140,-
Gutar/jenter rekrutt kr 130,-
Bolk 2 kl. 11.30- 12.30
Golden Girls og Golden Boys kr 200,
Herrar B kr 200,
Herrar D kr 200,
Herrar F kr 200,
Herrar/damer veteran kr 200,
Herrar/damer junior kr 170,-
Gutar/jenter 13 år kr 130,-
Bolk 3 kl. 15.00-16.00
Herrar/damer open kr 200,
–
Para open kr 200,-
Herrar C kr 200,
Herrar E kr 200,
Gutar/jenter 15 år kr 130,-
Gutar/jenter 11 år kr 130,-
Det vil bli eigne jente/dameklassar dersom det vert minst fire deltakarar i rekrutt, 11, 13, 15, junior, open og veteran.
Rekrutt kan verta delt inn i ulike klassar etter alder ved stor deltaking. Oppgje alder på spelarane ved påmelding. Det vert både A- og B-sluttspel for rekruttane.
Golden Girls og Golden Boys er for spelarar som ikkje er aktive i konkurransar.
Spelarar kan melda seg på i ein klasse pr bolk. NB.
Rekruttar kan ikkje delta i bolk 2.
Det vert spela best av 5 sett i alle klassar. Tapar må døma ein kamp etterpå.
Alle som er fødd i 2012 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. Gjeld ikkje Golden Girls, Golden Boys og rekrutt.
Klassar med mindre enn fire deltakarar kan bli strokne.
Startkontingent: Me sender ut giro på startkontingent etter stemnet
Turneringsleiing: Jack Feng, Jan Visser, Håvard Markhus
Overdommar: Jack Feng
Trekning: Trekning vert offentleggjort i hallen før start.
Seeding: Klubb- og styrkeseeding etter NBTF sitt reglement.
Bord: Stiga og Joola
Ballar: Stiga og Joola
Mat: Det vert kiosksal i hallen.
Info: Ta kontakt med Jack Feng (jack@hbtk.no, 96859349) eller Håvard Markhus
(havard@hbtk.no, 91535549)
NB! For at alle våre medlemer skal kunna vera med , håpar me alle kan unngå bruk av alle typar parfymerte produkt.
VELKOMEN TIL NORHEIMSUND